Jazzkafé: Vegard Holum Sings - Ei hyllest til Chet
Plassen / Kafé Kurt, lørdag 24 oktober kl. 15:00
Pris: Fri entré - Åresalg under arrangementet
Chet Baker-tribute
VEGARD HOLUM SINGS – ei hyllest til Chet!
- Vegard Holum – trompet og vokal
- Norvald Dahl – piano
- Lars Martin Vik – bass
- Børre Dalhaug – trommer
Oppvaksen i ein musikkfamilie omgitt av kor og song vart Vegard Holum tidleg opptatt av melodien. Korleis han heilt på eigenhand kan skape spenning og brått bli kraftfull eller mjuk i møte med andre musikalske element. Som aspirerande jazztrompetist retta han fort merksemda mot sjølve nestoren innan melodisk trompetspel, Chet Baker.
Hans uanstrengde og horisontale melodiføring over hyppige akkordskifte var djupt fascinerande. Ingen behov for å imponere eller flashe sin trompetbriljans. Han berre var musikken.
No ønsker Holum å dykke ned i Baker sitt musikalske univers. Han har plukka ut sine favorittar frå katalogen og tar på seg rolla som både trompetist, vokalist og bandleiar. For å tolke musikken har han fått med seg eit stjernelag av lokale musikarar, og saman vil dei hylle «The Prince of Cool».