Jazzkafé med JILB
Plassen / Kafé Kurt, lørdag 11 oktober kl. 15:00
Pris: Gratis
JILB
Stikkord her er allsidigheit - både i sjanger og uttrykk. På repertoaret står eit knippe av deira favorittlåtar, alt frå Oscar Peterson til Jan Eggum - ispedd nokre eigne låtar.
Bak tittelen JILB skjuler initialane til John Inge Leira Bjøringsøy seg. Har er organist i Ørsta og geitebonde på Leira i Hjørundfjorden, men ikkje minst ein mykje nytta og omtykt pianist. Stikkord her er allsidigheit - både i sjanger og uttrykk.
John Inge har med seg Svein Hunnes på bass og Carlos Alberici på trommer. Dei tre har spelt saman i ulike samanhengar tidlegare, men opptrer no som trio. På repertoaret står eit knippe av deira favorittlåtar, alt frå Oscar Peterson til Jan Eggum - ispedd nokre eigne låtar.