Meny
BakerHansen.Copyright.Kristoffer.Eikrem__17_of_24_.jpg
Baker Hansen m/ Jon Pål Inderberg
Konserter
Baker Hansen m/Jon Pål Inderberg
Torsdag 07. februar 20:00
Storyville Kjøp billett
« Se hele programmet
Korleis kan ein lytte med nye øyre på nokre av dei mest kjente klassikarane frå jazzlitteraturen? Og korleis tolke ein gigant som Chet Baker i ny, norsk kontekst? 

Baker Hansen har sidan 2010 laga sine eigne musikalske forteljingar, baserte på musikken som Chet Baker spelte. Historiane er tidlause og velkjente, men teksten er omarbeidd til norsk og framført på dialekt av vokalist Sigurd Rotvik Tunestveit frå Ål i Hallingdal. På vårt eige mål kjem musikken og innhaldet brått nærare på oss - og konsertane vert ei øyreopnande oppleving som publikum på godt over 150 konsertar i Noreg og Sverige kan fortelje om. 

Baker Hansen har gjeve ut to album med Chet på norsk; Ei som deg (2014) og Gamle Daga (2016). Tredjeplata kjem i 2019. 

Besetning:
Sigurd Rotvik Tunestveit - vokal og gjendiktingar 
Thomas Husmo Litleskare - trompet, vokal 
Tore Flatjord - trommer 
Kjetil Jerve - piano 
Stian Andreas Egeland Andersen - kontrabass
Gjest: Jon Pål Inderberg (barytonsax)

Dette sier pressen:
"Ein sikker scenesuksess" Roald Helgheim, Dagsavisen 
"Har hele den vakre, melodiske, melankolske og sarte tradisjonen etter legenden Chet Baker inne" Tor Hammerø, Side2
Tyvlytt og se: